Kva er radon?

Radon er ein radioaktiv gass som me som oftast finn i i berggrunnen. Radon har ikkje farge, lukt eller smak. Det dannes ved at Radium (Ra-226) blir brote ned. Radon har også mange radioaktive "radondøtre", dei kjem av at radon sjølv blir broten ned til ein rekke metalliske grunnstoff. Dei store konsentrasjonane radongass befinner seg oftast i områder med alunskifer, granitter, lausmassar eller morenegrunn. Radon har liten evne til å binde seg til andre stoff og kan derfor trenge lett inn over alt. Den norske berggrunnen har unormalt høgt konsentrat av radongass og er det største strålingsproblemet i Noreg!

Historie

Radon vart oppdaga i 1898 av den tyske fysikaren Friedrich Ernst Dorn, som i 1900 viste at radium sender ut ein gass når den vert brote ned. I 1902 viste Ernest Rutherford at det på same måte kan dannast gass frå radioaktiv thorium. To år seinare observerte tyskaren Geisler det same frå actinium. Dei tre prosessane viste seg å produsera same gass, men dei utgjorde tre forskjellege isotopar. RadDet on var den siste edelgassen som vart oppdaga. Den vart først døypt niton, frå latin nitens som betyr lysande, av kjemikarane William Ramsay og Robert Whytlaw-Gray. Dei isolerte i 1908 for første gong radon i nok mengder slik at ein kunne finne gassen sin tettleik. I 1923 fekk grunnstoffet namnet radon som blir brukt i dag.
Radon vert i dag brukt i strålebehandling av kreft og til kontroll av sveiseskjørter.

Det er naturlege radioaktive stoff i berggrunnen, mellom anna uran. Når uran vert nedbrutt (henfallt), vert det danna nye radioaktive stoff - radium og radon. Radon høyrer til gruppa til edelgassane, og har difor svært lita evne til å reagere med andre stoff. Dette medfører at radon "slepp" forbi meterielle stoff, og kan bli frgjort i lufta menneska pustar. Radon vil også bli nedbrutt å gi "radondøtre". Når desse vert pusta inn vil dei kunne festa seg til lungene, og slik sende stråling til lungene.
Illustrasjon: Statens strålevern/Monica Egeli
Illustrasjon: Statens strålevern/Monica Egeli


Alle dei radioaktive stoffa ønskjer å bli stabile, dei sender difor ut energi i form av stråling samtidig som det vert danna nye stoff. Dette vert kalle nedbryting eller radioaktivt henfall, denne prosessen skjer heilt naturleg og kan ikkje stoppast eller påverkast. Ein bequerel = eit henfall per sekund. Når me målar radioaktiviteten i luft, reknar me becquerel per kubikkmeter luft, og i vatn becquerel per liter vatn.

Situasjonen i Noreg

Norge er eit av, eller kanskje det landet som har størst radonkonsentrasjon i form av inneluft i boligar. Me veit at radonkonsentrasjonen har auka drastisk dei seinaste 20-30 åra. Stor skilnad i inne- og uteluft (spesielt om vinteren) fører til auka innstrømming av radon, dette er fordi temperaturskilnaden skapar eit undertrykk. Mellom 100 000 og 150 000 nordmenn blir utsett for radonkonsentrasjoner over 200 Bq/m^3. Dette er grensa for når ein bør sette i gang tiltak for å redusere mengda. Eit lite fåtall av dei utsette boligområdene har blitt avverga ved hjelp av kommunale tiltak ( 2000-3000 boliger). Resten har enten uvisse om den farlige gassen eller ikkje gjort nokon tiltak for å redusera mengda radon.

Me finn dei høgaste radonkonsentrasjonane i områder med alunskifer, uranrike granittar, pegmatittar og lausmassar eller morenegrunn.

Dei største radonkonsentrasjonane i Noreg

Radongass kan variere i mengde. Til og med i samme boligfelt kan konsentrasjonen variere stort. Men det er som oftast i større skalaar det blir inndelt, som kommunale konsentrasjonsutslepp. Faren ved radongass asgadg

Faren og skadar ved radongass

Faren radongassen drar med seg er helsefarlige symptom. Lungekreft er den mest omfattande skaden, og årlig døyr det opp imot 300 personar av radongass i Noreg. Gassen kan ikkje merkjast eller observerast av sansane våre. Lukt, syn eller smak er unyttige dersom me skal registrere radongass. Den einaste målinga me kan ta i bruk, er ved bruk av (målar).

Radon i vatn:

Radon finn ein også i vatn. Den høgste konsentrasjonen av radon finst i grunnvatn. Sidan radon blir frigitt i lufta, er det mindre konsentrasjon av radon i overflate vatn. Problemet med radon i vatn er at det kan komme inn i husa våre. Når ein dusjar, brukar springen eller brukar vaskemaskina, vert det frigjort radon frå vatnet (viss det inneheld radon) til innelufta, som kan føre til auka risiko for lungekreft. Helserisikoen ved å drikke radonhaldig vatn er liten, avhengig av kor stor konsentrasjonen er. Statens strålevern har sett ei tiltaksgrense på 500 Bq/l. Viss ein brukar borebrønn i fast fjell til dagleg, bør ein få den undersøkt med omsyn til radon. Det er blant anna vist store konsentrasjonar av radon frå borebrønnar i granitt og gneis. Ved lufting, lagring eller filtrering kan ein redusere radonkonsentrasjonen i vatn.

Målingar av radongass

Per dags dato finnes det utallige måtar ein kan måle mengda radonkonsentrasjon, alt etter kvar ein vil ta i bruk målingar!
  • Radonmåling i luft kan gjøres på to måtar: ein kortidsmåling eller ein langtidsmåling. Dette har ikkje så stor betydning i og med at dei fleste måleinstrument inneheld både kortidsmålingar og langtidsmålingar (kan variere frå ein time til fleire månader). Eit apparat som er brukarvennlig og kan nyttast av dei fleste i boligar er sporfilm. Den har ein virkningstid på 2 til 12 månader. Grunnen til denne løysinga er at den er veldig sikker. Etter ei bestemmt tid, kan ein sende inn sporfilmen og få radonlab til å analysere "opptaka" sporfilmen har tatt opp og få ein tilbakemelding om mengda radongass. Ein sporfilm er eit lita brikke som registrerer alfastråling. Radongass sender ut alfastråler som sporfilmen tar opp. Når alfastrålene treff brikka, tar den opp strålene som spor eller små prikkar. Desse små prikkane blir så forstørra under mikroskopiske forhold for å avgjere antaller alfapartiklar som har truffe brikka.
  • Radonmåling i vatn har ei maksimal grense på 500 Bq/l. Sjølv i form av vatn, kan radon bli frigitt frå dysjvatn, springvatn og anna til innelufta.
  • Radonmåling i berggrunnen

Redusere mengd radon

For å redusere radonkonsentrasjonen i boliger eller andre infrastrukturar som har større mengder radongass, er det ekstremt viktig å ha eit godt inneklima. Dette er først og fremst den viktigaste årsaka til mindre mengder radongass.

Tiltak mot radon i nybygg:
Når ein skal bygge nye bygg i Noreg er det vikitg og ha så lavt radon nivå som mogleg, og forebyggjande tiltak er derfor vikitg.
Dei tre vikigaste radonreduserande tiltake i byggegrunnen er: tetting, trykksenking av byggegrunnen og ventilasjon.
Ein kan også førebygge høge radonkonsentrasjonar i byggningar ved å utsyre dei med:
- radonsperre og gasstette byggegrunnar, dette inkluderer tette veggar og golv
- aktiv eller passiv trykksenking av byggegrunnen
- balansert ventilasjonssystem

Tiltak i eksisterande bygg:
Viss det er påvist høge radonkonsentrasjonar i heimen din, bør du ta kontakt med ein rådgjevar for å finne ei løysing på radonproblemet, og kartlegge årsaka. Kva for eit tiltak som akn velgast avhenger av hustype, ventilasjonsforhold og grunnforhold. Eit tiltak som viser seg å vere effektivt er aktiv trykksenking av byggegrunnen dersom dette er mogleg. Men ein tiltak alle kan gjere viss det er jordlufta som førere med seg radon frå byggemuren, så er første tiltak å tette utettheitar i konstruksjonen mot grunnen.

Halveringstid:
Nedbrytinga til eit radioaktivt stoff skjer ved at partiklar vert sendt ut, eller ved stråling. Når stoffet ver nedbrutt, blir det danna ei "datternuklide".
Strålinga frå eit stoff avtar gradvis, og er avhengig av halveringstida. Etter ei halveringstid, er strålingsintensiteten avtatt til det halve. Halveringstida til radon er 3,82 dagar.

Meir kjem...

Kjelder:

- http://www.kjemi.uio.no/periodesystemet/vis.php?e=Rn&id=195
- http://no.wikipedia.org/wiki/Radon
- http://www.tryggogsikker.no/html/450.html?gclid=CLihjrLv-ZgCFQkEZgodyDX_mA[[http://www.radonlab.no/?gclid=CN7_tP2RoJoCFYM_3god_nJs9g|- http://www.radonlab.no/?gclid=CN7_tP2RoJoCFYM_3god_nJs9g
- http://www.tryggogsikker.no/html/450.html ]]