Manhattanprosjektet


På Byrjinga av 30-talet oppdaga forskarane kjernefisjon. Hitler kom til makta i Tyskland allereie i 1933, og krigen bygde seg opp steg for steg. Rykta om at nazistane prøvde å utvikle atombomba spreidde seg som ild i tørt gras og skapte sterk frykt og redsel. Amerikanarane starta ei intens forsking på nett atombomba, i frykt for kva Hitler kunne gjere om han vart den første som fekk tak på teknologien. I Chicago 2. september 1942 klarte Enrico Fermi og Leo Szilard å få i gong dei første kontrolloerte kjernerekasjonane, me reknar dette som starten på Manhattan-prosjektet, som vart kodenamnet på amerikanarane si håpefulle forsking på atombomba!

Den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt gav oppdraget om å utvikle atombomba, før Tyskland eller Japan klarte det, til general Leslie R. Groves. På dette tidspunktet var det han som leia den amerikanske hæren sitt ingeniørkorps, og han var difor godt egna til oppdraget. Prosjektet vart offisielt oppretta i august 1942 av regjeringa, og arbeidet med utviklinga vart fordelt utover fleire stadar i USA. Då det gjaldt sjøve bygginga av bombene vart den utført i Los Almos, New Mexico. Fysikaren J. Robert Oppenheimer vart den leiande mannen bak sjølve bygginga.

Etter kvart fekk Oppenheimer fleire forskarar med på laget, i 1943 slo nemleg det britiske kjerneforskingsprogrammet seg saman med det amerikanske. Ein av dei mange forskarane som no vart ein del av den store bygginga i Los Almos var fysikaren Joseph Rotblat, men han trakk seg fort ut frå prosjektet då han skjønte at Tyskland hadde gitt opp utviklinga av dei farlege bombene, og difor ikkje lenger utgjorde den sae trusselen. Han vart i staden for med på grunnlegginga av Pugwash-rørsla, som ein kan reknse som det motsette av Manhattanprosjektet. Rørsla jobba for stoppinga av Manhattanprosjektet og forskinga på atombombene, og i 1995 mottok Rotblat og Pugwash-rørsla Nobels fredspris for arbeidet dei gjorde. Bombene skulle vise seg å få enorme følgjer, som ein anten hadde ignorert grunna frykta for fiendane eller var uvitande om...

Under prosjektet utvikla amerikanaren fire kjernefysiske våpen:
  • Trinity
  • Little Boy
  • Fat Man
  • Det siste og fjerde våpenet vart utvikla, men aldri tatt i bruk

Trinity

Om morgonen 05.29.45 lokal tid 16. juli 1945, skjedde det noko som sette spor mellom dei to byane Carrizozo og Socorro i New Mexico. Det var på nett dette tidspunkt at den første atombomba vart sprengd. Under leiing av USA vart det utført ei prøvesprenging av den første atombomba over området nær Almogordo Bombing Range. Dei plasserte bomba, som inneholdt 19 kilotonn TNT, i eit 20 meter høg ståltårn. Den etterlot seg eit krater med ei bredde lik 330 meter og ei djupne på 3 meter! Ei soppsky steig 16 000 meter opp i véret og ein kunne føle trykkbølgjene heile 160 km borte frå staden der bomba vart sprengd. Trinity vart malen for bomba som litt seinare skulle bli sluppen over Nagasaki. Men det var likevell store forskjellar på denne første atombomba og Little Boy. For det første bestod Trinity av ein kjernefysisk fisjon av grunnstoffet plutonium, som har ein meir spontan fisjon enn grunnstoffet uran som vart nytta i Little Boy. I tillegg var mengda sprengstoff 3-6 kilotonn meir i Trinity enn den første reelle bomba som snart skulle sleppast over Hiroshima.



250px-Trinity_shot_color.jpg
Her kan du sjå eit bilete av prøvesprenginga.


Little Boy


Little Boy var kodenamnet til bomba, som skulle bli den første reelle sprenginga, under manhattanprosjektet. 6. august 1945, ikkje ein gong ein månad seinare enn prøvesprenginga i New Mexico vart Little Boy sluppen! I leiinga av Oberst Paul Tibbets fauk 12 mann inn over Hiroshima, der bomba skulle detonerast. Flyet dei brukte vart kalla Enola Gay, og var av typen B-29 Superfortress.

Ikkje bare var Little Boy den første reelle atombomba, den var òg den første uranbaserte bomba i historien! I bomba nytta dei ein kjernefysisk fisjon med uran, der 600 mg uran gav energi. Denne bomba inneholdt mindre sprengstoff enn den som vart nytta under prøvespreninga, ein går ut i frå at den inneholdt omlag 13-16 kilotonn TNT.

Som den første atombomba som vart nytta i krig har den hatt fatale følgjer! Det er vannskeleg å gi eit eksakt tal på kor mange som har mista livet grunna denne ekstreme hendinga. Mange har døydd i ettertid grunna følger frå bomba, noko eg skal prøve å gå litt meir innpå som avslutning på denne wikien om Manhattenprosjektet. Medrekna denne kunnskapen reknar me i dag med at talet på dødsfall ligg på omlag 140 000 menneske!

Fat man

Bare tre dagar etter bombinga av Hiroshima var Amerikanarane klare til å gå til nytt åtak. Denne gongen var det ei implosjonsbombe av grunnstoffet plutonium som stod for tur! Bomba bar kodenamnet Fat Man, og vart detonert 550 meter over byen Nagasaki kl 11.02 9. august 1945.

Fat_man.jpg
Dette bilete er teke av atombomba Fat Man før dei slapp den over Nagasaki


Dei fatale følgene av sprengingane

Hiroshima_Damage_Map.gif
Her kan ein sjå øydeleggingane etter little boy og brannane som fylgde.

Kjelder