Måling av radioaktivitet


Generelt:

Radioaktiv stråling oppstår når ustabile atomkjernar blir spalta til andre atomkjernar og samstundes sendar ut energi. Radioaktiv stråling, eller ioniserande stråling, kjem i form av alfastråling, nøytronstråling, betastråling eller gammastråling. Eininga for radioaktivitet er becquerel (Bq), der 1 Bq svarar til ein partikkel sendt ut per sekund.
Henviser til sida Radioaktiv stråling.

Historie:
hans-geiger-2.jpg
Hans Geiger (1882-1945)
Geiger teljaren (Seinare Geiger Müller teljar) vart funne opp i 1908 av Hans Geiger og Ernest Rutherford. Det som førte Geiger til å finne opp Geiger-teljaren var ein ide han fekk etter å ha sett/høyrt om forsøka til Ernest Rutherford der han sendte alfa- partiklar gjennom ein gullfolie. Han fann da ut at sidan alfapartiklene kunne gå gjennom en vegg av eit solid materiale (i dette tilfellet gullfolie), kunne dei også gå gjennom atomer. Han lagde seg sjølv ein ny versjon av Rutherford sitt gullfolie forsøk, der han skaut alfapartiklar gjennom ein gullfolie og på ein skjerm, der dei vart observert som små lysglimt. Men å telje dei tusenvis av lysglimta per minutt var ei vanskjeleg oppgåve, og han bestemte seg for å finne opp ein betre måte å gjere det på - noko som førte til
den første versjonen av Geiger teljaren. Denne teljaren kunne imidlertid berre detekte alfapartiklar.

I 1925 då Geiger vart professor i fysikk på universitetet i Kiel, byrja han å samarbeide med Walter Müller. Dei to videareutvikla Geiger-teljaren til å ikkje berre kunne telje alfapartiklar, men alle typar inoserings stråling. Den nye og betre teljaren fekk namet Geiger Müller teljar og stod ferdig i 1928.

Fann ein god film om korleis den fungerar (og han eine i filmen er i slekt med Hans Geiger!): Måling av radioaktivitet

Komponentar:
Bilde1.png
Det du ser på biletet er ei skisse av korleis ein Geiger muller teljar er sett saman. Den består i hovudsak av ein teljar og eit metall-røyr med glas eller glimmer på enden. Det er i hovudsak det som skjer inni Geiger Müller røyret som er interessant.
Røyret består av eit metall (spillar eigentleg ikkje noko rolle kva metall, så lenge det leiar straum) som vert negativt lada. Inne i røyret stikk det ut ei matallstang som vert positivt lada. Røyret inneheld gassar som radeon, neon, helium eller ei blanding, og ein gass frå halogengruppa i periodesystemet (gruppe 17) som ioniserar lett.
Teljaren er den som fortel oss kor stor mengde stråling som kjem inn i Geiger Müller røyret.

Kva som skjer:
Denne figuren visar betre kva som skjer inne i Geiger Müller røyret
Bilde2.png
Når stråling kjem inn til gassen inni røyret, vil strålinga treffe eit gassatom og ionisere dette dersom stråinga har stor nok energi. Strålinga må nemleg ha stor nok energi til å ionisere gassane inni røyret for at det skal gi utslag. Dersom ein stråling har stor nok energi, vil det klare å splitte eit elektron frå atomet og dermed etterlate eit negativt elektron og eit positivt ladd ion. Elektronet vil søkje seg mot den positive anoden medan ionet vil søkje seg mot den negative katoden. På vegen mot anoden vil elektrona akselerere og slå ionisere andre atom slik at det kjem ein haug med elektron inn på anoden omtrent samtidig. Det vert då sendt ut ein puls som teljaren registrerar.

Kjelder