Lise Meitner


meitner.jpg
meitner.jpg

Lise Meitner vart fødd 7. november i Wien, Austerrike. Ho var det tredje av i alt åtte søsken, og foreldra var Hedwig og Philipp Meitner. Philipp Meitner jobba som advokat og var personleg jøde. Lise Meitner vart på tross av dette oppdratt som protestant. I dag vert Lise Meitner sett på som ei av dei mest produktive kvinnelege forskarane i det 20. århundre. Ho hadde ein sentral rolle i arbeidet med fisjon og det var ho som først forstod kva som skjedde når ein sendte nøytron mot uran. Albert Einstein var ein av vitskapsmenna som hadde stor respekt for Meitner, og han kalla henne "den tyske madame Curie" etter den franske forskaren Marie Curie. Meitner har jobba med berømte vitskapsmenn som til dømes Ludwig Boltzman, Niels Bohr, Max Born, Max Planck, James Chadwick, Wolfgang Pauli og Albert Einstein.

Karriere

Allereie tidleg i barneåra viste det seg at Lise Meitner hadde eit stort talent innan matematikk og fysikk. Desverre var det slik at jenter ikkje fekk obligatorisk skulegong etter dei fylte 14 år i Austerrike på denne tida. Men etter god innsats og timar hos privatlærar bestod Lise inngongseksamen til universitetet i Wien i 1901. Då ho byrja på universitetet var ho så heldig at ho fekk oppleve den siste forelesningsserien til Ludvig Boltzmann. Boltzmann likte godt å ha kvinner på forelesningane sine, og han vart ein stor inspirasjonskilde for Meitner. I 1905 avslutta Lise Meitner doktorgraden sin som handla om eksperimentell testing av ein av Maxwell sine elektromagnetiske likningar. Lise vart dermed den andre kvinna som tok ein doktorgrad ved universitetet i Wien. Eit år etter ho fullførte doktorgraden flytta Meitner til Berlin for å jobbe for Max Planck, ein vitskapsmann ho respekterte høgt. Lise fekk eit godt førsteinntrykk av forskningsmiljøet i Berlin, men etterkvart som tida gjekk forstod ho at det ikkje var lett å vere kvinneleg forskar hos Planck. Han såg ikkje for seg korleis ho som kvinne kunne samarbeide med dei mannlege forskarane ved universitetet, og ho måtte ta til takke med å nytta kjellaren i universitetet som arbeidslokale. Heldigvis kom det noko godt ut av opphaldet i Berlin; Lise Meitner traff den tyske kjemikaren Otto Hahn, og dette skulle bli ein vitskapleg duo som skulle samarbeide i over 30 år.

I 1913 byrja Lise og Otto å arbeide ved det nystarta Kaiser Wilhelm Instituttet som vart drive på privat grunnlag. Her studerte dei radioaktivitet, og med Lise sine kunnskapar og erfaringar frå forsøk og teori i fysikk, og Otto sine kunnskapar om kjemiske prosessar, danna dette eit godt grunnlag for forskinga. Dei samarbeide godt, og dei hadde eit godt samhald. I 1918 fekk dei lønn for strevet. Dei oppdaga grunnstoffet protactinium, og dei fekk eit godt rykte i forskningsmiljøet i Tyskland. Meitner vart etterkvart og sett på som ein av pionerane i bruk av Geiger Muller teljaren. Ho nytta den til å måle gammastråling gjennom ulik materie.

Som nevnt tidlegare kom Lise Meitner frå ein jødisk familie. Då Tyskland i 1938 invaderte Austerrike, byrja det å sjå skummelt ut for Meitner. Deira syn på jødar var ikkje særleg sunt, og ho var redd for å bli sendt til konsentrasjonsleir. Heldigvis fekk ho hjelp av sine gode ven, den danske fysikaren Niels Bohr, til å flytte til Sverige. Her skulle ho jobbe med den svenske fysikaren Manne Siegbahn i hans forskningsinstitutt i Stockholm. Etter ei stund i Stockholm fann ho ut at det ikkje var lett å jobbe med Siegbahn. Han sleit med å jobbe med ei så flink kvinne, og det var nok forskjellane mellom dei ulike forskingsmiljøa dei kom frå som gjorde dette. Dette vart eit tilbakeslag for Meitner sin karriere som fysikar fordi ho mista mykje av den vitskaplege posisjonen ho hadde opparbeida seg i Berlin. Før Lise måtte forlate Tyskland, hadde ho og Hahn byrja å arbeide med spalting av atomkjernar. Hahn fortsette å jobbe med dette etter at Lise reiste, men han kom ingen veg. Dei sendte brev til kvarandre om korleis dei skulle komme vidare i arbeidet, og i eit brev råda Lise til at Hahn skulle sende store mengder nøytron på grunnstoffet uran. Då han gjorde dette, fann han ut at grunnstoffet barium vart danna. Otto Hahn forstod ikkje kva som hadde skjedd, men det gjorde Meitner. Ho skjønna at urankjernen var blitt spalta, og at den eine delen var barium og den andre delen var krypton. Ho fann og ut at det vart sluppe ut store mengder energi. Ho jobba sammen med nevøen Otto Frisch, frå Niels Bohrs institutt i København, og sammen klarte dei to å rekne ut kor mykje energi spaltinga gav. Dei fann det ut ved å bruke den geniale formelen til Albert Einstein,
E = mc². Ho kalla denne prosessen opp etter det latinske ordet "fissio" som tyder å spalte. Kort tid etter, kunne idèen til Meitner bli eksprimentelt vist. Den 6. januar 1939 vart resultata publisert i Naturwissenschaften, eit tysk vitenskapsmagasin.
fisjon.gif
fisjon.gif

Det gode vennskapet mellom Meitner og Hahn vart etter kvart svekka. Otto Hahn fekk i 1944 nobelprisen i kjemi for sitt arbeid med fisjon, og der vart ikkje Meitner nevnt med eit ord. Ho hadde jo eigentleg hatt ein sentral rolle i forskinga, og mange trudde ho ikkje vart nevnt fordi Hahn ikkje ville bli assosiert med ein jøde når det var krig. Men då han ikkje gjorde noko for å rette opp dette etter krigen, såg Meitner på dette som eit svik. Sjølv om mange ville tru at deira venskap vart avslutta etter dette, vart det ikkje det. Deira unike vitskaplege samarbeid var nok grunnen til at Meitner ikkje ville "straffe" Hahn for det han hadde gjort. I 1966 fekk likevell Meitner heder for arbeidet sitt med fisjon. Då fekk ho, Otto Hahn og Fritz Strassmann "The U.S Atomic Energy Commision Enrico Fermi Prize". Desverre kunne ikkje Lise Meitner komme til utdelingsseremonien på grunn av dårleg helse. Ho døydde 27. oktober 1968. I dag vert ho sett på som ei av dei største kvinnlege fysikarane som nokon gong har levd.

Døme på utrekning med E = mc²

Her vil me vise korleis me kan rekne ut energi med Einstein sin formel:

Finn nuklidemassen i fysikk tabellen:


For å gjere det om til kilo må det gangast slik:



Då er det berre te å setje svaret inn i formelen E = mc² :




Meitnerium

29.08.1982 vart grunnstoff nr. 109 framstilt for første gong. Det vart funne ved at grunnstoffet Vismut ( 209Bi ) vart bombadert med akselererte kjerner av Jern ( 58Fe ), og Grunnstoffet Mt-266 + 1n vart danna. Peter Armbruster og Gottfried Münzenberg var ledarar for forskninga, og dei valgte å kalla stoffet opp etter Lisa Meitner, for å heidre ho som forskar.




Kjelder