Gammastråling

Her kan du lese om den siste av dei tre ”hovudstrålingstypane”, nemleg gammastråling, eller γ-stråling av den greske bokstaven gamma, γ. Du finn dei andre artiklane om alfa- og betastråling.

Kva er gammastråling

Gammastråling kan heilt enkelt sjåast på som ei energirik elektromagnetisk stråling som blir send ut i samanheng med alfa- eller betastråling. Vil du ha meir innfor om korleis dette går føre seg, må du berre lesa vidare!

Korleis vert gammastråling danna?
gammastråling.png
Bilete skil korleis gammastråling kjem saman med anten alfa- eller betastråling

For å forklare kva gammastråling er må me sjå føre oss ein stabel med ferske appelsinar i ein matvarebutikk. Dersom me fjernar ein av appelsinane midt inne i stabelen fell heile stabelen litt saman. Når ein atomkjerne har sendt ut anten alfa- eller betastråling kan ein illustrera det som at resten av protona og nøytrona i kjernen fell på plass. Då dei fell får dei nye plassar inne i atomkjernen, og det blir frigjort energi når dei fell på plass i kjernen. Den energien som blir send ut er i form av ei energirik elektromagnetisk stråling som me kallar gammastråling. Det er derfor særs vanleg at det blir send ut gammastråling i samband med alfa- eller betastråling som tidlegare nemnd.

Litt generell fakta om gammastråling

Under følg litt generell fakta om gammastråling som du truleg ikkje visste. Fakta er henta frå her.
  • Gammastråling er definert å starte ved frekvensen 242 EHz (bølgelengde 124 pm)
  • Bølgelengde mindre enn 0,124 nm, som er litt kortare enn røntgenstråling
  • Kan forårsake stor skade
  • Brukas til desinfisering av mat

Fotona som vert sende ut er karakteristiske for ein gitt nuklide, altså det sendar ut foton med bestemt energi. Gammastråling kan derfor nyttast til å identifisere nuklider.
Den kanskje mest spektakulære oppdaginga innan astrofysisk gammaforskning kom på 1960-talet og tidleg på 1970-talet. Detektorar ombord Vela satelitt-seriene, orginalt millitære satelittar, begynte å oppdage gammautbrudd - ikkje frå jorda, men frå verdsrommet. Eit slikt gammautbrudd kan sleppe ut meir energi på 10 sekund enn sola vår slepp ut gjennom sitt 10 milliardar langt "liv."

Rekkjevidde

Gammastråling har vesentleg lenger rekkjevidde enn alfa- og betastråling, og kan faktisk gå gjennom eit menneske. Sidan gammastrålinga er lett å måle både innan- og utanfor kroppen er det brukt til mellom anna medisinske undersøkingar saman med røntgenstråling. Det krev saten eit tjukt lag av bly eller andre metall for å verna oss mot gammastrålar.

Kjelder