Betastråling

Betastrålig er den andre av dei tre ”hovudstrålingstypane” me har, saman med alfa- og gammastråling. Betastråling kjem av betapartiklar, kan og skrivast β-partikkel av den greske bokstaven beta, β.

Kva er betastrålin250px-Beta-minus_Decay.svg.pngg

Betastråling er kort forklart elektron som blir sende ut i stor fart frå atomkjernen. Dette kan kanskje høyrast litt utruleg ut sidan elektron ikkje opphavleg fins i atomkjernen, men dersom du les neste avsnitt forstår du forhåpentlegvis at dette er mogleg! Dersom ein skal summera opp i ein setning kva betastråling er måtte det blitt: ”betastrålar er elektron med stor fart”.

Korleis vert betastråling danna?

I dette avsnittet tar eg føre meg elektron utsending, men betastråling kan og bli send ut som eit positron. Du kan lesa meir i avsnittet om β+-stråling!
For somme kan det høyrast litt rart ut at kjernen kan sende ut eit elektron, sidan det normalt ikkje fins elektron i kjernen. For å få danna eit elektron i kjernen må først eit nøytron i kjernen bli omdanna til eitt proton og eitt elektron. I tillegg blir det laga ein særs liten partikkel kalla nøytrino, som av namnet fram går, er dette ein nøytral partikkel. Prosessen skjer i samband med fisjon, då ofte send ut saman med alfa- og gammastråler.
Danninga av elektron i kjernen kan skildrast i denne prosessen:

er den greske bokstaven ”nu”, og svarar her til antinøytrino.
Etter det er danna eit elektron i kjernen blir dette send ut med særs stor fart. Kjernen som står att har då eitt meir proton enn det hadde før protonet vart danna, og grunnstoffet har derfor eit høgare grunnstoffnummer enn den opphavlege kjernen. Eit døme på ei slik betautsending kan vera ein karbonkjerne som desintegrerer og blir omdanna til ein nitrogenkjerne:

Seinare i artikkel kan du og lese at fins positiv betastråling under delen β+-stråling.stoppe_betastråle.jpg

Rekkjevidde

Betastråling har litt større rekkjevidde enn alfastråling, og kan rekkje opp til nokre få meter i luft. Den mest energirike betastrålinga kan trengje gjennom kleda, og eit stykke inn i huda til menneske men kan ikkje bli karakterisert som direkte farleg. Energien til betastråling er lågare enn hjå alfastråling.

To ulik typar

Sjølv om betastråling er utsending av elektron fins det to typar betastråling som du kan lesa meir om under!

β- -stråling

Prosessen eg har har allereie har skildra i avsnittet "Korleis vert betastråling danna?" er den "klassiske" betastråling, der eit nøytron går til eit proton og sender ut eit elektron. Vert og kalla elektronstråling.

er den greske bokstaven ”nu”, og svarar her til antinøytrino.

β+ -stråling

Beta(+)stråling er den andre typen betastråling, og kan sjåast på som den "motsette" strålinga til eletronstråling (beta(-)stråling). I elektronstråling er det eit nøytron som går til eit proton og elektron. Beta(+)stråling vert kalla positronstråling, og består av eit proton går til eitt nøytron, eitt positron og eitt nøytrino. I tillegg vil atomnummeret søkkje sidan det forsvinn eit proton. Sjå likninga under:

er positronet.
er nøytrinoet.

Overgangen frå proton til nøytrino, nøytron og positron går via den svake kjernekrafta. Positronet er den så kalla "antipartikkelen" til elektronet. I tillegg får me ut ein svak straum ved positronstråling.


Kjelder