Alfastråling

I denne artikkelen er ynskje som forfattar å informere om kva alfastråling er, korleis den oppstår og rekkjevidda den har. Namnet alfapartiklar kan og skrivast α-partikkel, med den greske bokstaven alfa, α.

Kva er alfastråling

Alfastråling er ein høgenergetisk kjerne, som består av to proton og to nøytron, akkurat som kjernen i heliumatomet. Det er vanleg å sjå på alfastråling som heliumkjernar. Derfor kan det skrivast som
då det er vanleg kjennskap at heliumatomet berre består av to nøytron og to proton. Sidan alfapartiklar ikkje har to elektron slik heliumatomet normalt har, har alfapartiklar ladningen 2+.

alfastråling.jpg

Korleis vert alfapartiklar danna?

Som regel vert alfapartiklar sende ut frå radioaktive kjernar som thorium, radon eller uran. Desse er hovudsakleg store og tunge atom. Når det vert send ut alfastråling misser det opphavlege stoffet to proton og to nøytron, noko som impliserar at stoffet då har fått eit lågare grunnstoffnummer og blitt eit anna stoff. Eit grunnstoff vil gå til eit nytt grunnstoff i tillegg til alfastråling.

Døme under viser korleis alfastråling kan oppstå

stoppe_alfastråle.jpg


Rekkjevidde

Alfastråling er den av dei tre hovudstråletypane, alfa-, beta- og gammastråling som har kortast rekkjevidde. Alfapartikkelen har faktisk vanskeleg for å trenge gjennom andre materiale, så t ynne som papir. Faktisk stoppar papir i dei fleste samanhengar alfastråling. Dette sjølv om den er ei sterkt ioniserande stråling. I luft er rekkjevidda til alfastråling berre eit pa r centimeter. Grunnen til at alfastråling vert stoppa av er den store massen, massen til ein alfapartikkel er om lag 7000 gonger større enn massen til ein betapartikkel. I vatn og biologisk vev rekk berre alfastrålinga nokre få hundredels millimeter, men den kan gjera store skade dersom den er inne i organa på grunn av den høge energien.

Kjelder